Blokkuavhengig spagat

Miljø­par­ti­et Dei Grø­ne har etab­lert seg i norsk poli­tikk som «blokk­uav­hen­gig». Er det­te ber­re eit tak­tisk triks for eit prag­ma­tisk, makt­sø­kjan­de par­ti som nødig vil gje frå seg for­hand­lings­kort før val­re­sul­ta­tet er klart? Nei, vil dei fles­te i par­ti­et mei­na: grøn ideo­lo­gi er kor­kje venstre eller høgre. Men kor­leis kan det då ha seg at man­ge på venstre­sida mei­ner MDG høy­rer hei­me der, med­an kna­pt nokon – aller minst dei bor­gar­le­ge sjølve – ser føre seg MDG som eit høgreparti?1 For eit døme på fyrst­nemn­de, sjå Anne Skott­våg: «Er hip­pi­en død?», Klasse­kam­pen 22. februar 2017. For eit døme på sist­nemn­de, sjå Kris­tian Mei­sings­et: «Mer makt, mindre moro», Miner­va 26. august 2016

Kva er grøn ideologi?

Det tra­di­sjo­nel­le grø­ne stand­punk­tet er å slå fast at grøn ideo­lo­gi hand­lar om meir enn miljø­vern – det er eit poli­tisk verds­syn som skil seg grunn­leg­gjan­de frå dei andre ideo­lo­gi­ane. Der både sosia­lis­men, libe­ra­lis­men og kon­ser­va­tis­men har men­nes­kets behov og sam­funn både som utgangs­punkt og føre­mål, spring grøn ideo­lo­gi ut frå omsy­net til hei­le livs­grunn­la­get. Men­nes­ke­le­ge behov må dek­kjast innan­for ram­me­ne natu­ren set.

Nøy­ak­tig kva det­te inne­ber er grunn­la­get for ein heil aka­de­misk lit­te­ra­tur med man­ge vans­ke­le­ge ord: djup­øko­lo­gi, øko­sen­tris­me, ikkje-antro­po­sen­tris­me, svak antro­po­sen­tris­me, natu­rens eigen­ver­di. Skil­na­de­ne mel­lom dei uli­ke vari­an­ta­ne av grøn ideo­lo­gi – om vi tek med ytter­punkt som (hel­dig­vis!) har få til­hen­gja­rar – er like sto­re som mel­lom arbei­dar­par­tia i Noreg og Nord-Korea. Men akku­rat som soli­da­ri­tet i ein eller annan form er ein fel­les­nem­nar for alle sosia­lis­tis­ke par­ti, anten dei er mode­ra­te sosial­de­mo­kra­tar eller auto­ri­tæ­re kom­mu­nis­tar, har den grø­ne ideo­lo­gi­en ein kjer­ne som alle kan slut­ta seg til. Den­ne kjer­nen er føre var-prin­sip­pet. Der tra­di­sjo­nell poli­tikk legg bevis­byr­den på den som vil ta vare på natu­ren, må du innan ram­me­ne av grøn poli­tikk ha gode argu­ment for å utnyt­ta livs­grunn­la­get, used­van­leg gode argu­ment for å for­styr­ra det, og prak­tisk tala uten­kje­leg gode argu­ment for å øyde­leg­gja det.

Ifyl­gje stats­vi­ta­ren And­rew Dob­son er det­te grunn nok til å side­stil­la grøn ideo­lo­gi – øko­lo­gis­me – med libe­ra­lis­me, sosia­lis­me, kon­ser­va­ti­vis­me og feminisme.2 Dobson, A.: Green Poli­ti­cal Thought, Rout­led­ge, 2007 Men med­an det fin­st til­nær­ma reine sosia­lis­tis­ke, libe­ra­lis­tis­ke og kon­ser­va­ti­ve par­ti, fram­står dei grø­ne par­tia – inklu­dert det nors­ke MDG – meir som ideo­lo­gis­ke lappe­tep­pe. Som Svein Ham­mer skriv:

Selv om den øko­lo­gis­ke tan­ken dan­ner en poli­tisk bunn­lin­je, fram­står det grøn­ne poli­tis­ke land­ska­pet mer som et mang­fold av ideo­lo­gis­ke kom­po­nen­ter som på varie­ren­de vis vever seg inn i hver­and­re.3 https://hammerbloggen.wordpress.com/2013/12/27/hva-er-gronn-politikk/

Eg ser to gode grun­nar til at det er slik. For det fyrste må eit poli­tisk par­ti ha mei­nin­gar om man­ge saker der øko­lo­gis­men anten ikkje gjev svar i det hei­le, eller gjev så man­ge mog­le­ge svar at ein i prak­sis må støt­ta seg på ein annan ide­tra­di­sjon for å grunn­gje eit stand­punkt. Kva er grøn skule­po­li­tikk utover natur­fags­un­der­vis­ning, skule­ha­gar og leir­sku­le? Kva er grøn helse­po­li­tikk utover sunn mat, frisk luft og kon­takt med dyr og natur? Det­te er vel­kjen­de pro­blem­stil­lin­gar for alle som har dri­ve val­kamp for MDG. Sjølv der par­ti­et har utvik­la ein poli­tikk, er han langt frå like sjølv­sagd som miljø­po­li­tik­ken.

Grøn liberalsosialisme

For det andre er det i prak­sis fullt mog­leg å blan­da ut øko­lo­gis­men med ein eller flei­re av dei etab­ler­te ideo­lo­gi­ane. Bort­sett frå det øko­lo­gis­ke per­spek­ti­vet kan MDG enkelt plas­se­rast i det poli­tis­ke land­ska­pet. Par­ti­et er venstre­ori­en­tert nok i den øko­no­mis­ke poli­tik­ken til at «sosia­lis­tisk» ikkje er ein ufor­tent merke­lapp – og det er libe­ralt nok til at det som hovud­re­gel støt­tar dei som utford­rar tra­di­sjo­nel­le og auto­ri­tæ­re struk­tu­rar i sam­fun­net. Grøn poli­tikk à la MDG er ein fri­lynt sosia­lis­me der eit øko­lo­gisk per­spek­tiv gjen­nom­sy­rer det hei­le.

Om vi skal bru­ka ein merke­lapp er «venstre­li­be­ralt» eller jam­vel «libe­ral­so­sia­lis­tisk» meir tref­fan­de enn «sosial­li­be­ralt», for ikkje å seia «sosial­li­be­ra­lis­tisk» – for sjølv om MDG set libe­ra­le ver­di­ar høgt, er fel­les­skaps­in­ter­es­se­ne over­ord­na:

Vi set­ter per­son­lig fri­het høyt, men da en grønn fri­het der soli­da­ri­tet og med­fø­lel­se set­ter gren­se­ne for indi­vi­du­ell fri­het – ikke omvendt.4 Miljø­par­ti­et De Grøn­ne, Prin­sippro­gram 2013 – 2017, side 5.

Som om ikkje det var tyde­leg nok, bru­kar MDG sjølve merke­or­det til venstre­sida – soli­da­ri­tet – når prin­sippro­gram­met skal for­kla­ra kva grøn poli­tikk dju­past sett hand­lar om. At grøn soli­da­ri­tet òg gjeld fram­ti­di­ge gene­ra­sjo­nar og andre levan­de vesen er ei vidare­fø­ring av, ikkje noko brot med den sosia­lis­tis­ke tra­di­sjo­nen. I det gam­le prin­sippro­gram­met stod det rett ut:

De libe­ra­le tok kam­pen opp mot kirke­ og adels­makt, mens sosia­lis­te­ne tok et steg videre og krev­de fri­gjø­ring også av arbei­der­klas­sen. De Grøn­ne [må] ta enda et nød­ven­dig steg videre: Grønn poli­tikk betyr soli­da­ri­tet både med natur og dyr, med under­tryk­te i vårt eget sam­funn, med folk i andre deler av ver­den, og med fram­ti­di­ge gene­ra­sjo­ner.5 Miljø­par­ti­et De Grøn­ne, Prin­sippro­gram 2009 – 2013, side 23.

Eit blokkuavhengig fløyparti?

Mot den tyde­le­ge ideo­lo­gis­ke plas­se­rin­ga i parti­pro­gram­met står ein parti­kul­tur som er utpre­ga prag­ma­tisk. Jau, MDG står godt til venstre for Ap i man­ge spørs­mål, men det er ei utbreidd opp­fat­ning i par­ti­et at det ikkje er det som er vik­ti­gast. Når det kjem til styk­ket er det den grø­ne kjer­nen som tel. Eit bor­gar­leg regje­rings­al­ter­na­tiv som ver­ke­leg er vil­jug til å skru miljø­av­gif­te­ne i taket og slut­ta med utly­sing av nye blok­ker for olje­lei­ting har gode kort på han­da der­som MDG skul­le ham­na på vip­pen – sjølv om dei vil kom­bi­ne­ra det med anti-sosia­lis­tis­ke grep som kutt i sjuke­løna eller for­mues­skat­ten.

Det er like­vel ein skil­nad. Der høgre­sida må rek­na med å over­by venstre­sida i miljø­po­li­tik­ken for å få grøn støt­te, kan venstre­sida nøya seg med å til­by omlag det same som høgre­sida kan gå med på (i alle fall så len­ge Ap og SV ikkje køy­rer knall­hardt på anti-libe­ra­le saker som obli­ga­to­risk barne­hage). Tru­ver­det i den blokk­uav­hen­gi­ge lina til MDG ligg i eit trugs­mål om å støt­ta ei bor­gar­leg regje­ring der­som venstre­sida svik­tar på miljø og kli­ma. Trugs­må­let er reelt, men det er like fullt eit trugs­mål. Om MDG skal støt­ta ei Høgre-leidd regje­ring vil det vera med han­da for nasen – i alle fall for dei i par­ti­et som iden­ti­fi­se­rer seg med heil­ska­pen i prin­sippro­gram­met.

Men blokk­uav­hen­gig­hei­ta kan ikkje avskri­vast som tak­tik­ke­ri: ho er solid tuf­ta på den grø­ne ideo­lo­gi­en. Spørs­må­let er om MDG på sikt må vel­ja mel­lom å bin­da seg til venstre­sida eller ver­ta eit heil­hjar­ta sen­trums­par­ti.

Ingen svarinnlegg så langt.

wpDiscuz